Dette er eit kurs me har gåande gjennom heile året, men som oftast på dagtid. Denne gongen skal ha me kurset på kveldstid. Dette er for å tilby dei som ikkje har moglegheit til å ta seg fri frå jobb og skule, til å delta. 

Oppstart 26. mars med påfølgjande datoar: 2.april, 9.april og 23.april. (Siste samling blir forskyvd ei veke grunna påske.) Alle samlingane er frå kl.18:00-20:30.

Kurset går over fire samlingar og varer i to og ein halv time. Kvar samling har ulike tema som me utforskar saman og blir kjend med verktøya. 

Temaene me snakkar om i kurset, er grubling og bekymring, tankemønster, energibalanse, grenser, uro, ubehag og korleis forholde seg til psykisk helse og arbeid/studie. Kurset skal gi ei forståing av kognitiv åtferdsterapi og korleis du kan bruke dette i praksis. Samlingane legg opp til utforsking av verktøya og metodane mellom samlingane slik at ein får moglegheit til å teste ut kva som kan vere nyttig for ein. 

Om dette verkar interessant og nyttig, meld deg på via kontaktskjemaet på vår heimeside, eller ta kontakt med oss på telefon tysdagar og torsdagar mellom klokka12.00-14.00

Lenke til heimesida: https://nyesogndal.custompublish.com/rask-psykisk-helsehjelp.6562220-581579.html