Kven passer tilbodet for?
Rask psykisk helsehjelp er eit gratis korttidstilbod til deg som er over 16 år som ynskjer hjelp med lettare former for angst, depresjon, rusproblem og søvnvanskar.
Eksempel på dette kan vera at du
- slit med overdriven grubling og bekymring
- er trist eller nedstemt over lengre tid
- opplever ofte å få panikk
- opplever å stresse mykje i kvardagen
Målet med tenesta er å gi tidleg behandling og hjelp for å førebyggja sjukdomsutvikling. Tilbodet er for personar som er busett i Sogndal kommune.
Rask psykisk helsehjelp er basert på kognitiv åtferdsterapi. For å ha best mogleg effekt av tilbodet er det viktig med eigeninnsats og at du opplever å ha kapasitet til å arbeida med verktøya i kvardagen din. Målet er at du skal bli meir bevisst på samanhengen mellom kropp, følelsar, handlingar og tankar.
Tilbodet er ikkje eigna dersom du
- allereie mottek eit tilbod knytt til psykisk helse
- ynskjer langvarig oppfølging i form av støttesamtalar
- har alvorleg grad av angst, depresjon, søvnvanskar og/eller rusproblem
- har komplekse og samansette utfordringar som har vart over tid
- har behov for å arbeida med traume
Kva består tilbodet av?
Tilbodet består av kurs og rettleia sjølvhjelp. Me tilbyr også individuelle samtaler av kortare varigheit ved behov.
Kva vil eg læra på kurs?
Ved å delta på kurs vil du læra deg konkrete verktøy og teknikkar for å betre handtera depressive tankar, angstplager og/eller søvnvanskar. Behandlinga som blir tilbydd, er basert på kognitiv åtferdsterapi. På kurset vil du kunne vera med utan å måtte delta aktivt sjølv. Mellom kursdagane har du heimeoppgåver der du skal øve deg på dine nye verktøy for å bli meir bevisst ditt eige tankemønster og korleis det påverkar korleis du har det.
Kva er rettleia sjølvhjelp?
Rettleiia sjølvhjelp (assistert selvhjelp) er eit digitalt behandlingsprogram der du arbeider med behandlingsmodular heime, samtidig som du får rettleiing frå oss på telefon kvar veke. Eit behandlingsprogram varer i ca. 6 veker.
Sjekk ut Mestringsverktøy – Assistert Selvhjelp. Her kan du lesa om meir om kva rettleia sjølvhjelp er og sjå dei ulike verktøya du kan bruka saman med oss.
Når er det ein får individuelle samtalar?
I eit behandlingsforløp hjå oss kan det vera hensiktsmessig med individuelle samtaler aleine, men også før eller i etterkant av eit kurstilbod eller rettleia sjølvhjelpsprogram. Denne vurderinga blir gjort saman med terapeuten din hjå oss.
Slik tek du kontakt
Du tek kontakt ved å senda ein e-post til rask.psykisk.helsehjelp@sogndal.kommune.no. Oppgi namn, bustadadresse og telefonnummer me kan kontakta deg på. Ikkje gje sensitive opplysningar på e-post. Døme på sensitive opplysingar kan vera informasjon om kvifor du søker hjelp eller tidlegare sjukdomshistorie.
Når du har sendt ein e-post til oss, vil du få eit automatisk svar på denne. Dette er ein stadfesting på at me har motteke førespurnaden din. Desse kan hamna i søppelposten, så hugs å sjekk denne innimellom om du ventar på svar frå oss.
Du vil etter dette bli kontakta så snart som mogleg, og seinast innan to veker, på telefon. Her avklarer vi om tilbodet passar for deg, og setter opp tid for ein kartleggingssamtale.
I etterkant av telefonsamtalen sender med deg ei lenke til kartleggingsskjemaet vårt. Dette fyller du ut på nett i forkant av første samtale.
For spørsmål om tilbodet kan du ta kontakt på telefonen i våre opningstider eller via e-post.
Telefonen er open tysdagar og torsdagar mellom klokka 12.00 og 14.00.
![]() |
Plakat for kurset |
Kurstilbod
Framdrift
Introkurs i kognitiv atferdsterapi
Informasjon om kurset: Er kvardagen din prega av mykje grubling, bekymringstankar eller eit høgt stressnivå som påverkar deg negativt? Då er dette kurset for deg. I dette kurset vil du få ein innføring i kognitiv åtferdsterapi. Du vil lære deg verktøy og metodar du kan bruke for å førebyggje og meistre angst og depresjon.
Kurset varer i 2 timar og går over 4 veker.
Neste kurs startar tysdag 18.april kl. 12.30-14.30 med følgjande datoar: 25.april, 2.mai og 9.mai
Kursstad: Dalavegen 2, 2. etasje, Sogndal.