Her kan du røysta på valdagen:

  • Balestrand: Belehalli kl. 9:00-20:00
  • Fjærland: Fjærland oppvekstsenter kl. 13:00-20:00
  • Kaupanger: Kaupanger skule kl. 9:00-20:00
  • Leikanger: Saften, Leikangerhallen kl. 9:00-20:00
  • Sogndal: Kommunehuset kl. 9:00-20:00

Adresser til dei ulike vallokala finn du på Valglokaler på valgdagen - Valgdirektoratet

Dette må du ha med til røystelokalet:

  • Legitimasjon med namn, fødselsdato og bilete
  • Det er ikkje eit krav å ha med valkort, men det går raskare om du har både valkort og legitimasjon klare når du kjem for å røysta. Dei aller fleste har fått valkortet digitalt.

Slik røystar du:

På valg.no finn du informasjon om korleis du røystar og kva endringar du kan gjera på røystesetlane: Kommunestyre- og fylkestingsvalget 2023 - Valgdirektoratet

På valdagen, 11. september, kan du berre røysta i den kommunen der du er manntalsført - det vil seia i den kommunen du var folkeregistrert 30. juni i år.