Du har røysterett dersom du oppfyller desse vilkåra:

  • Norsk statsborgar
  • Har fylt 18 år innan utgangen av 2025
  • Er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg

Norsk personale ved diplomatiske og konsulære stasjonar i utlandet har røysterett uavhengig av om dei er eller har vore folkeregistrert som busett i Noreg. Det same gjeld deira husstandsmedlemmar.

Veljarar busett i Noreg blir automatisk innført i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret  30. juni i valåret.

Offentleg ettersyn

Grunna sommarstengingar, er det endringar i kvar og når manntalet er lagt ut til offentleg ettersyn. Manntal for stortings- og sametingsvalet vert lagt ut til offentleg ettersyn i perioden 14. juli - 8. september på desse stadane:

  • Balestrand – innbyggartorget, Holmatunet (frå 11. august)
  • Fjærland - Joker
  • Leikanger - tinghuset (frå 11. august)
  • Kaupanger - Coop Ekstra, avd. Kaupanger
  • Sogndal - kommunehuset

Klage på manntalet

Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan du krevja at valstyret rettar opp feilen. Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve. Send kravet på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no, via e-dialog eller i brev til Sogndal kommune, Postboks 153, 6851 Sogndal