Det byrja som ein litt sprø ide frå festivalsjefen, Kamilla Marifjæren og mange vart spurt om dei kunne tenka seg å vera brudepar, inkludert hennar eigen kjærast. Til slutt fekk Kamilla «ja» frå Hildegun Jee Solheim og Jonas Michalsen Tveit frå Sauda. Dei hadde planar om å gifta seg i løpet av februar. Både papir og ringar var i orden, men dei hadde ikkje heilt bestemt seg for kvar, og tenkte at dei like godt kunne hoppa i det under festivalen.  

Då førespurnaden kom frå festivalsjefen tenkte ordføraren at her var det berre å lokalisera telemarkskia og børsta støv av gamle kunster.  

- Å vigsla folk er ein av dei kjekkaste oppgåvene eg har, men det er klart at dette bryllaupet vart litt ekstra spesielt å få vera med på. Eg trur dei tykte det vart eit kjekt opplegg frå festivalen si side, seier ordføraren som kom frå turen ned trekket att utan beinbrot.  

Brudeparet gav kvarandre sitt ja, brudebuketten vart kasta og fanga, og det var kake til alle etter vigsla. 

Kjekt og viktig med festival 

Ordføraren legg også til kor viktig Fjellsportfestivalen er for bygda. 

- Det er viktig med eldsjeler som lagar festival for både sambygdingar og tilreisande. Me har jo verdas beste snø, så det er kjekt å sjå at festivalen vart utseld på rekordtid i år. Og frå det eg høyrer så har festivalen vore ein stor suksess. 

Collage som syner folk som leikar i snøen på ulikt vis.Aktivitetar for store og små under årets Fjellsportfestival. (Foto: Tim Maarten Riesen, Mikel Gonshold, Anders Navarsete og Ryan McEvoy)