I førre veke var ein delegasjon frå Sogndal på besøk i den polske kommunen Ostrowiec Świętokrzyski. Deltakarane frå Noreg bestod av tilsette i Sogndal kommune, Sogn næring, Høgskulen på Vestlandet, Sogn Regionråd, Kunnskapsparken og ungdom frå ungdomsrådet. Bakgrunnen for besøket er eit EØS-prosjekt der målet er å redusera økonomiske og sosiale forskjellar og styrka samarbeid på tvers av landegrenser.

Til no har me hatt fleire digitale møte om klima og miljø, entreprenørskap og læring, samt involvering og deltaking. Mellom anna skal Ostrowiec Świętokrzyski kommune etablera eit ungdomsråd og ynskjer å læra frå Sogndal kommune på dette området.

I april var deltakarar frå den polske kommunen på besøk i Sogndal. Då fekk dei mellom anna besøka Ungt Entreprenøskap-messa, Campus Sogndal og fleire barnehagar og skular. Våren 2022 var ein delegasjon frå Sogndal i Polen der ordførar Arnstein Menes signerte partnarskapsavtalen mellom Sogndal og Ostrowiec Świętokrzyski.

Les meir om programmet og Norway grants