- Dialogen mellom tilsetjingsutvalet, rekrutteringsfirmaet og gruppeleiarane er god. Tilsetjingsutvalet har, i samråd med gruppeleiarane, vurdert mange spennande kandidatar til stillinga. Då søknadsfristen var ute hadde seks menn søkt jobben som kommunedirektør i Sogndal kommune, fortel Menes, som er leiar av tilsetjingsutvalet.

Tre har søkt om unntak frå offentleg søkjarliste. Desse søknadane er vurderte i samråd med jurist, og tilsetjingsutvalet har innvilga unntak til to av dei tre. Begge kandidatane står i omstillingsprosessar i sine noverande jobbar, og vurderinga frå tilsetjingsutvalet er at dette gjev grunnlag for at dei kan få unnateke namna sine frå den offentlege søkjarlista.

Personen som ikkje fekk innvilga unntak, trekte søknaden etter at dette vart kunngjort for vedkomande.

Sjå søkjarlista (PDF)