I samarbeid med Sogn Næring inviterer Sogndal kommune til seminar med Bjarte Bogsnes, ein av dei fremste internasjonale stemmene på feltet. Med over 30 års erfaring frå finans og HR, deler han innsikt og refleksjonar om korleis Beyond Budgeting kan vere ei inspirasjonskjelde for både offentleg sektor og private verksemder.
Kven passar seminaret for?
- Politikarar som ønskjer nye perspektiv på korleis ein kan styre komplekse organisasjonar
- Arbeidsgjevarar og leiarar i næringslivet i Sogndal
- Tilsette i kommunen
- Alle som er nysgjerrige på korleis ein kan tenke annerleis på budsjettering og korleis Sogndal Kommune ser på dette som eit av sine verktøy.
Praktisk informasjon
Tid: Torsdag 2. oktober 2025 kl 19:00
Stad: Quality Hotell Sogndal
Arrangørar: Sogndal kommune og Sogn Næring
Seminaret er gratis og ope for alle interesserte.