Sogndal kommune har fått utvikla ei heilt enkel kartløysing der du kan sende inn dine forslag til kva som bør inn på ny kulturmiljøplan. I løysinga kan du klikke inn ein plass i kartet, skrive litt om kulturminnet og laste opp bilde om du har. 

Gå til utfordrarbygda.no/kulturmiljoplan for å sende inn dine innspel! Funkar også på mobil! 

PS – er du med i eit lag eller organisasjon som brenn for kulturminne og kulturmiljø? Dersom du har lyst til å vere med og arrangere innspelsmøter om ny kulturmiljøplan, ta gjerne kontakt med kultursjef Håvard Ese Eliassen.