Sogndal kommune fekk nyleg stadfesta frå Vegdirektoratet at kommunen har mynde til å handheva brot på parkeringsføresegnene i heile kommunen etter samanslåinga. Dette betyr at feilparkering vil bli kontrollert og kan bli bøtelagt dersom det er parkert i strid med gjeldande trafikkreglar og skilting på staden.

- Dette handlar om trafikktryggleik, framkommelegheit og gode vilkår for drifting av vegane, noko som er like viktig for alle i kommunen vår. Til dømes kan parkering for nær kryss gjera krysset uoversiktleg og parkering utanfor oppmerkt plass, kan gjera at utrykkingskøyretøy ikkje kjem fram, seier Arne Abrahamsen, kommunalsjef for plan og samfunn.

Han forstår at folk kan reagera viss dei får parkeringsbot ein stad det ikkje har vore kontrollert tidlegare, men håper på forståing for at kommunen tenkjer på trafikktryggleiken og handterer dette likt i heile kommunen.

Bilførarar pliktar å ha kunnskap om parkeringsføresegnene i vegtrafikklova, trafikkreglane, skiltforskrifta og i parkeringsforskrifta. Dette er offentlege reglar som gjeld alle.