Første skuledag i den nye storkommunen fekk alle skulane i Sogndal kommune besøk av politikarar frå komité for levekår.

- Me ønskte å markera at me no er ein kommune saman med alle elevane våre, og difor bestemde me oss for å besøka skulane første skuledagen etter kommunesamanslåinga 1. januar, seier Margrete Haug, leiar for komité for levekår.

Sjølv vitja ho måndag, saman med Anna Hamre, Sagtun skule og Fjortun oppvekstsenter i Balestrand, medan andre politikarar frå komiteen var til stades ved dei andre skulane.

Politikarane hadde mellom anna med seg ein presentasjon av den nye kommunen og ei videohelsing til elevane frå ordførar Arnstein Menes. Dei nytta også høvet til å fortelja om ungdomsrådet som skal på plass i den nye kommunen.

Elevane fekk også stilla spørsmål til politikarane.

- Det var veldig kjekt å få besøka skulane og møta elevane. Me vart svært godt mottekne, fortel Haug.

Her kan du sjå videohelsinga som elevane fekk frå ordføraren