Avtalen vart underskriven på Kafe Krydder i Sogndal onsdag ettermiddag av Einar Johnsen frå Klimapartnere Vestland og ordførar Arnstein Menes.

Til stades var også varaordførar Vibeke Johnsen og leiar Kornelius Haugen og nestleiar Idunn Auestad i ungdomsrådet.

Ordførar Arnstein Menes seier at han er stolt over at Sogndal kommune er fyrste kommune i Sogn og Fjordane som skriv under avtale med Klimapartnere Vestland.

- Me er glade for å melda Sogndal kommune inn i partnarskapet. Me er godt i gang med samfunnsplanen vår med ein tydeleg klima- og miljøprofil, og er spente på klimarekneskapen som er noko av det Sogndal kommune får tilgang til gjennom Klimapartnere Vestland, seier Menes.

Fem verksemder i Sogndal er alt klimapartnarar. Det er Simas, Saman, Høgskulen på Vestlandet (HVL), Sognekraft og ViteMeir.

Klimapartnere Vestland vart etablert i 2014. Frå januar 2020 vart partnarskapet ein del av nye Vestland fylkeskommune. Klimapartnere Vestland utfordrar alle sine partnarar til å slutta seg til målsettinga "Nullutslepp 2030".