Som grunneigar må du sjekka at vassvegar på eigedomen din er frie for grus, søppel, kvist og lauv. Har du ikkje sjekka dette nyleg, bør du gjera det no. NVE har sendt ut varsel om jordskredfare (frå 10. november klokka 07), flaufare (frå 11. november klokka 07) og varsel om svært mykje regn (frå 10. november klokka 19), alle på farenivå 3 (oransje). Fredag vart flaumfaren heva til raudt nivå for indre og midtre delar av Vestland fylke. Meir informasjon: Flom- og jordskredvarsel | Varsom.no.

Frå torsdag kveld til fredag kveld er det venta svært mykje regn i midtre og indre strøk av Vestland fylke, 80 til 120 mm i løpet av 24 timar, i midtre strøk kan det lokalt koma rundt 150 mm i løpet av 24 timar. Kommunen har sett i verk førebyggande tiltak og vil følgja situasjonen. Oppdaterte meldingar finn du på Varsler om naturfarer i Norge | Varsom.no.