Tiltaksplanen skal ta føre seg grunnforureining på og ved Kvernhushaugen nedlagde avfallsplass. Lokaliteten omfattar også eit mogleg område nord og aust for Kvernhushaugen. Tidlegare gjennomførte undersøkingar i 2022 peikar på at det er uavklart i kva grad ureininga vert spreidd frå deponiet. Det er ikkje utelukka spreiing med grunnvatn mot industriområdet. Det er følgjeleg naudsynt med ytterlegare og til dels grundigare undersøkingar enn det som er utført tidlegare. Kommunen ønskjer løysingsforslag for å kartlegge spreiinga frå deponiet, samt forslag til tiltak. 

Sogndal kommune har skrive kontrakt med Norconsult for å ta fleire prøver av det nedlagte deponiet på Kaupanger og utarbeide tiltaksplan.

Arbeid for etablering av prøvepunkt startar 13. september. Levering av tiltaksplan skjer like før jul. Det er viktig å sikre tilstrekkeleg tid til å gjennomføre naudsynte undersøkingar og skaffe tilstrekkeleg grunnlag til å gjere gode vurderingar i tiltaksplanen. Spesielt viktig er det at overvakinga av både vasstand og miljøtilstand fangar opp periodar med store nedbørsmengder som typisk skjer i løpet av hausten.

Det vert altso ein haust med boring, graving, prøvetaking og analyse før vi ser resultata og kan sjå vidare på kva tiltak som kan redusere og helst stanse forureining frå deponert avfall.