Idrettsrådet som femnar alle idrettslaga i kommunen, er ein idrettspolitisk paraplyorganaisasjon i Norges Idrettsforbund og Paraolympisk komité.

Idrettsrådet skal mellom anna

  • arbeide for rammevilkåra for idretten lokalt
  • formidle idretten sine anleggsbehov og gjere prioriteringar på vegner av idrettslaga
  • fordele lokale aktivitetsmidlar, såkalla LAM midlar, som kjem frå staten via idrettsforbundet
  • bidra til samarbeid mellom idrett og kommunen

Kristin Rundsveen Bøtun, leiar for komité for samfunnsutvikling, helsa ifrå kommunen, og inviterte til samarbeid framover. Etterpå var det formelle skipingssaker.

Tobias Dale, Syril il, vart vald som leiar med Jan Erik Weinbach, Sogndal il, som nestleiar.