Her vil du som gardbrukar/skogeigar møte den kommunale skogforvaltninga, skogfaglege rettleiarar og dei som organiserer og omset tømmeret.

Fokus på desse dagane vert mellom anna

  • ungskogpleie og kva fordelar dette har for framtidsskogen
  • gjeldande tilskotsordingar for skogbruket
  • driftsteknikk. På skogdagen i Vik vert det vist til hogst med hogstmaskin og lassberar og på dagen i Høyanger tung taubane

Dato og tidspunkt for skogdagane (PDF)

Elles håper vi på god skogprat med servering av sodd og bålkaffe.  Alle er velkomne.