Kvifor skogsvegar

Skogsvegar er viktig infrastruktur for uttak av skogressursane. Verdiskapinga for AS Norge er normalt 10 gonger verdien av tømmerstokken. Difor er staten ofte med i spleiselaget for å dekke kostnadane med skogsvegbygging.

Godkjenning

Bygging av skogsvegar skal godkjennast av kommunen og er heimla i Skoglova og Forskrift for planlegging og bygging av landbruksvegar. Her seiast det at vegar som har over 50% landbruksinteresser (skog-, jord-, gardstilknytt næringsverksemd basert på garden sitt ressursgrunnlag m.m.) skal handsamast under denne forskrifta.

Ei godkjenning krev gode planar for kor vegtraseane skal ligge og skal være grundig vurdert ut frå miljøkrava nedfelt i Naturmangfaldslova. Høyringspartar er ofte Fylkeskommunen si kulturavdeling, Statsforvaltaren si miljøvernavdeling, NVE, Reindriftsforvaltninga, DNT og andre.

Større vegprosjekt skal være forankra i hovudvegplan skogsvegar som dei fleste kommunane har fått  utarbeidd.

Bygging og vegklassar

Skogsvegane byggjast etter ulike vegklassar:
Bilvegar etter vegklasse 3,4 eller 5.   (Kl. 3-4 er bil med hengar og kl. 5 bil utan hengar.)
Traktorvegar etter vegklassar 7 og 8 (Kl. 7 veg med bærelag og kl. 8 enkel veg med bruk av stadlege massar.)

Motorferdsellov

Motorferdsellova trer berre inn på traktorvegar og bilvegar som ikkje er brøyta om vinteren. Altså gjeld lova ikkje skogsvegar som er framkommelege med tohjulsdreven bil.

Ålmenta sin tilgang til skogsvegar

Vegeigar har rett til å stenge ein skogsveg heilt for motorisert ferdsel eller ha den open (oftast som bomveg). Dette gjeld sjølv om vegen er bygd med statleg støtte. Orsaka er at vegen vil ha status som privat veg, og vegeigar har vedlikehaldsansvar.

Sitat frå Friluftsloven: «I utmark kan enhver ferdes til fots hele året, når det skjer hensynsfullt og med tilbørlig varsomhet. Det samme gjelder ferdsel med ride- eller kløvhest, kjelke, tråsykkel eller liknende på veg eller sti i utmark og over alt i utmark på fjellet, såfremt ikke kommunen med samtykke av eieren eller brukeren har forbudt slik ferdsel på nærmere angitte strekninger.» 

Altså kan ingen nektast ferdsel på private skogsvegar (stengte eller opne) så lenge ein ikkje nyttar motorisert framkomstmiddel.

Bomvegar

Dei fleste skogsvegar er private, eigd av ein grunneigar eller eit veglag med fleire grunneigarar. Vegeigar har rett til å stenge vegen heilt for motorisert ferdsel eller ha den open. Dei fleste som ønskjer å ha den open set opp ein betalingsbom.

Slike bomvegar må ha ein kommunal godkjenning, der og avgiftssatsen er med i godkjenninga. ( Veglova § 56)

Veglag

Vegar med fleire enn ein interessent skal opprette eit veglag. Veglova §54 seier:
Når privat veg blir brukt som sams tilkomst for fleire eigedomar, pliktar kvar eigar, brukar eller den som har bruksrett, kvar etter same høvetal som gjeld for den bruk han gjer av vegen, å halde vegen i forsvarlig og brukande stand.

Veglaget har tilsynet med at pliktene blir stetta slik som fastsett av veglaget, jordskifteretten eller på anna vis.  Veglaget kan elles ta avgjerd om å stenge og opne vegen, fremje søknad om rett til å krevje bompengar, avgjere bruk av trafikkregulering og parkering m.m.

Ansvar, forsikring

Ein kvar som køyrer på skogsvegar har ansvar for si køyring og sitt køyretøy. Ved eventuell ulykke som kan skuldast dårleg vedlikehald og svikt i veglegemet, kan vegeigar likevel bli ansvarleg overfor skadelidne. Ein kan ikkje fråskrive seg ansvar ved å settj opp skilt.

Som vegeigar kan det då være fornuftig å teikne eiga forsikring for skogsvegen, slik at forsikringsselskapet kan betale erstatninga på vegne av  eigar når eigar er ansvarleg for skaden. Mest nytta forsikring er landbruksforsikring der det berre er ein eigar av vegen,  og forsikring gjennom Skogbrann Forsikring eller At-Skog der det er eit veglag med fleire eigarar.