Rivinga er gjennomført

Den siste perioden har i stor grad vore prega av riving av den eksisterande bygningsmassen. Slikt arbeid fører naturleg nok med seg både støv og støy. Arbeidet har blitt gjennomført etter oppsett plan og innanfor fastsette rammer, og det har vore lagt vekt på å ta vare på elevar og tilsette på best mogleg måte. Det har òg vore løpande dialog med føresette for å informere om framdrift og forhold som kan påverke skulekvardagen.

 

No blir tomta klargjord

Prosjektet går no inn i ein fase der tomta blir klargjord for sjølve bygginga. I denne perioden blir det gjennomført grunnarbeid som legg til rette for fundament og teknisk infrastruktur for det nye bygget. Arbeidet vil vere godt synleg på området, og det vil i periodar vere noko støy, tyngre maskiner på byggjeplassen og transport til og frå området. Samtidig blir det lagt stor vekt på tryggleik i gjennomføringa av arbeidet, og omsynet til elevane har vore og vil vere ei høgste prioritet i denne fasen av prosjektet.

 

Neste fase: Den nye skulen reiser seg

Frå våren 2026 går prosjektet over i ein fase der sjølve skulebygget byrjar å ta form. I starten vil mykje av arbeidet vere grunnarbeid og derfor vere mindre synleg. Etter kvart vil bygget reise seg, mellom anna gjennom montering av prefabrikkerte betongelement. Då vil det bli stadig tydelegare korleis den nye skulen vil sjå ut.

Illustrasjon som visar Nye Trudvang skule

 

Skulekvardagen medan vi bygger

Å bygge ny skule samstundes som skulen skal vere i drift, er ingen lita oppgåve. Når den gamle bygningsmassen blir riven, må undervisnings- og aktivitetsareal erstattast andre stader. For ein skule med mange elevar inneber det behov for alternative løysingar for mellom anna klasserom, kunst og handverk og kroppsøving.

Det er lagt ned eit betydeleg arbeid i ein heilskapleg plan for skuledrifta i perioden der Nye Trudvang reiser seg. Planen omfattar samla skuledrift for alle elevane i Sogndal sentrum i byggeperioden, i lokalar på Kvåle, Guridalen og Trudvang. Det blir gjort løpande vurderingar for å sikre at perioden blir så god som mogleg for alle elevane.

 

Tryggleik og oppfølging undervegs

Alt arbeid på byggjeplassen blir følgt tett opp av prosjektet sitt helse-, miljø- og tryggleiksteam. Dette er ei tverrfagleg gruppe med, representantar frå føresette, tilsette frå skulen, kommunen og entreprenør, oppretta for å ta vare på tryggleiken til elevar, tilsette, innbyggjarar og arbeidarar på byggjeplassen. Gruppa har jamlege møte for å følgje opp arbeidet slik at ein sikrar tryggleik og høg kvalitet i gjennomføringa.

Samtidig er prosjektet avhengig av tilbakemeldingar frå både føresette og andre innbyggjarar i Sogndal. Dersom ein observerer forhold i samband med arbeidet som kommunen bør vere merksam på, oppmodar vi om å bruke kontaktskjemaet på nettsida  kontaktskjemaet eller linken i QR-koden som heng på byggjegjerdet rundt området.

  • Tekstversjon av tidslinjen (for universell utforming)

    Denne teksten beskriver milepælene i prosjektet «Nye Trudvang skule» fra vedtak til ferdig skole slik dei er vist i grafikk i innledninga på artikkelen) 

    Politisk vedtak – oktober 2025

    Kommunestyret vedtar å bygge ny Trudvang skule. Prosjektet går fra planlegging til gjennomføring.

    Planarbeid og løyve – fra oktober 2025

    Reguleringsarbeid og nødvendige godkjenninger gjennomføres før byggestart.

    Riving starter – november 2025

    Eksisterende bygningsmasse blir gradvis fjernet. Det vil være perioder med anleggstrafikk og synlig aktivitet, innenfor fastsatte rammer for sikkerhet og arbeidstid.

    Klargjøring av tomt – desember 2025

    Det gjennomføres grunnarbeid for å etablere fundament og teknisk infrastruktur for den nye skolen. Arbeidet vil være synlig på området, og det vil i perioder være transport av masser og bruk av større maskiner.

    Bygget tar form – mai 2026

    Den nye skolen begynner å reise seg over bakkenivå. Etter hvert vil det bli mulig å se vegger og etasjer ta form. I denne fasen etableres hovedstrukturen i bygget.

    Skolen får tak – juni 2026

    Første del av bygget får tak. Når taket er på plass fremstår bygget mer samlet, og utviklingen på området blir tydeligere.

    Byggetrinn 1 ferdig – sommer 2027

    Første byggetrinn er ferdig bygd og teknisk gjennomgått. Denne delen av skolen tas i bruk, og elever og ansatte kan starte å bruke de ferdigstilte arealene.

    Rivingen er ferdig – september 2027

    Rivearbeidet har foregått parallelt med oppføringen av nytt bygg. Nå er de gamle bygningene fjernet i sin helhet, og området fremstår mer åpent og oversiktlig.

    Innvendig ferdigstilling – 2027 til 2028

    Bygningene vil nå fremstå relativt ferdige fra utsiden. Samtidig pågår det arbeid innvendig med ferdigstilling av rom, tekniske installasjoner og uteområder.

    Hele skolen ferdig – januar 2029

    Nye Trudvang skule er ferdigstilt og klar til bruk. Byggeperioden er avsluttet, og et nytt skolemiljø står klart – utformet for lek og læring, fellesskap og mestring.