Kvart år arrangerer Utdanningsforbundet, Fagforbundet og Foreldreutvalet for barnehagar (FuB) barnehagedagen. I år er temaet «Små steg for kloden» og målet er å synleggjere korleis landets barnehagar arbeider med temaet natur og miljø.

Barna har laga blomster ved hjelp av pinner, kaffefilter, papir og eggekartong. Dei har laga fotavtrykk og måla på steiner. På barnehagedagen tok vi med oss det vi hadde laga og pynta med både det og ulike naturmaterialer utanfor kommunehuset.

159374289_752144268824976_6170214849408818411_n.jpg 159408179_871566316734195_7304161960714878162_n.jpg 159544298_909635933205563_205157170676075100_n.jpg

I forbindelse med årets barnehagedag 9.mars startar vi i Fosshagen utdanningsbarnehage eit arbeid med artsmangfald og det som spirer og gror. Vi vil så og plante i barnehagen for å ta vare på insekta våre.

Du bryr deg om det du kjenner til. Å lære å kjenne livet som finnast under jorda, under vatnet, i fjæra eller i lufta er avgjerande for å bry seg om dette livet. Mange artar i verda er i ferd med å bli utrydda. Vi er avhengige av eit stort artsmangfald for at verda skal takle klimaendringane og må derfor gjere det vi kan for å ta vare på planter, dyr og insekt.

I løpet av våren skal vi så frø og sjå at det spirer og gror. Vi skal også lære meir om ulike insekt, og då særleg om humler og villbier. Vi har eit nytt bygg og eit nytt uteområde som ikkje er ferdig planta. Derfor ser vi moglegheiter for å skape eit insektvennleg miljø rundt barnehagen. Dette skal vi få hjelp til i samarbeid med naturfagsmijøet ved Høgskulen på Vestlandet.

Vi håper å få i stand tørreng, bærbusker, insekthotell, grønsakshage, kvist og vedkubber slik at insekta trivst. Vi vil også lære meir om humla, meitemarken og saksedyret. Kanskje vi etterkvart kan skaffe oss seljetre og lage våre eigne seljefløyter om våren?

 159872967_271631897844827_8440157673489670915_n[1].jpg 159927464_1110051066161083_7278519754112647084_n (1).jpg 159899328_3699711573488643_4271937635425468628_n.jpg