Vilkåra for jakt i laget sitt område er som følgjer:

  • Det må løysast jaktkort (årskort eller døgnkort) for Systrond grunneigarlag sitt område. Kort ligg ute for sal hjå Røysum Sport på Hermansverk. Jeger må dokumentera å vera registrert i Jegerregisteret og ha betalt jegeravgift ved kjøp av kort.
  • Jakt er kun tillate for personar med bustadadresse i gamle Leikanger kommune.
  • Det kan fellast inntil 2 fugl (lirype, fjellrype eller orrfugl) pr. jeger pr. dag.
  • Årskvote: Det kan fellast inntil 10 fugl (lirype, fjellrype eller orrfugl) pr. jeger pr. sesong.

Det er tillate for jakt med hund frå 01.10.2021

Denne informasjonen er vidareformidla av kommunen etter førespurnad frå Systrond grunneigarlag. For informasjon om småviltjakt i andre delar av Sogndal kommune, må du ta kontakt med det aktuelle grunneigarlaget.