Du sender inn søknad digitalt med innlogging via ID-porten/Altinn. Det er disponibelt om lag 515 000 kr.

Gå til søknadsskjema 

Du kan søkja på tiltak som nemnt i forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Søknadane blir prioriterte etter tiltaksstrategien for Sogndal kommune 2021-2024.

Tiltaket det vert søkt om, må vera på ein landbrukseigedom.

Søknadsfristen er 5. oktober 2023.

Du finn meir informasjon på Landbruksdirektoratet sine nettsider: Tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Har du spørsmål, ta kontakt med landbrukskontoret.