Prosjektet er eit samarbeid mellom Høgskulen på Vestlandet (HVL) og seks kommunar i indre Sogn. Frå hausten 2025 får studentar som tek barnehagelærarutdanning i Sogndal, tilbod om ein betalt arbeidsdag i veka i barnehage – noko som gir dei verdifull praksis og tettare kontakt med yrkeslivet.

– Dette er eit viktig tiltak for å møte mangelen på barnehagelærarar, seier Kjell Ertesvåg i Sogndal kommune. – Vi håpar dette vil inspirere fleire til å velje denne viktige utdanninga.

SognaBLU legg også til rette for at studentane kan jobbe meir enn éin dag i veka, dersom dei ønskjer det. Timeplanen ved HVL er tilpassa for å gjere dette mogleg.

Utdanningsminister Sigrun Aasland har uttrykt støtte til prosjektet og kalla det eit «fint forsøk i samarbeid med kommunane» for å få fleire pedagogar inn i barnehagane.

Sogndal kommune ser fram til å ta imot engasjerte studentar i barnehagane våre og bidra til å forme framtidas barnehagelærarar.