- Me fekk fortelja om våre erfaringar so langt. Tillit står heilt sentralt i eit arbeid med å bygga ein god ny kommune. Me er opne om at det framleis står att mykje arbeid, men tillit mellom politikk, administrasjon og dei tilsette er viktig for å kunne levera gode tenester til innbyggjarane våre, seier ordførar Arnstein Menes.

9. juni deltok Menes, kommunedirektør Tor-Einar Holvik Skinlo, hovudtillitsvald frå Fagforbundet Siv Laila Eriksen og utfordrar Joakim Systaddal på eit seminar om tillitsreforma i offentleg sektor. Sogndal kommune var invitert av Kommunal- og distriktsdepartementet for å snakka om erfaring med tillitsreforma.

Tillitsreforma omfattar heile offentleg sektor, også fristilte verksemder. Målet med tillitsreforma er å gje meir velferd og betre tenester til innbyggarane, og til rett tid. På nettsida regjeringen.no står det at for å få dette til, må me jobba meir med å auka tilliten innad i offentleg sektor, blant anna med å detaljstyra mindre og ved å auka handlingsrommet for dei som jobbar i førstelinja.

Arbeidet med tillitsreforma er inne i ein ny fase. Det er mellom anna sendt ut invitasjonar til frikommuneforsøk, og fleire har også komme godt i gong med utviklingsarbeid som skal gje betre tenester i heile landet.

Erfaringsseminaret gav høve til å læra av kvarandre og dela erfaringar på tvers av kommunar og verksemder.

Sjå innlegget til Sogndal kommune i opptak på nettsida regjeringen.no (om lag 43 minuttar ut i sendinga): Inviterar til erfaringsseminar om tillitsreforma i offentleg sektor - regjeringen.no