Rekordmange søkjarar – og høg kvalitet
– Det å jobbe med fem forskjellige stillingar parallelt på denne måten har me ikkje gjort i kommunen tidlegare, og tala er difor vanskeleg å samanlikne med tidlegare prosessar. Likevel kan me sjå ut frå statistikken at dette er stillingar som jamt over har fått mange fleire søkjarar enn det me er vande med, seier rådgjevar Ida Sophie Ulshagen Øye.
Til dømes: Då stillinga som utekontakt vart lyst ut i fjor, fekk me fire søkjarar. I år? 44!
– Både kvaliteten og kvantiteten på søkjarar gjekk over all forventning, seier Ida.
Fem attraktive stillingar – og søkjarar frå heile Norden
Stillingane me har tilsett i er:
- Utekontakt
- Ungdomslos
- Prosjektleiar for Rocket-Man
- Fritidskoordinator
- Ungdomsarbeidar
Over ein tredjedel av søkjarane bur utanfor Sogndal, og me fekk søknadar frå både Alta, Oslo, Malmø og Århus. – Så du kan vel seie det var god geografisk spreiing, seier Ida.
Ho legg til at mange av søkjarane er tiltrekte av Sogndal som stad å bu:
– I fleire av søknadstekstane kom det tydeleg fram at dei ikkje berre var interesserte i sjølve jobben, men i heilskapen ved å flytte til Sogndal; med natur, bumiljø, fritidstilbod og oppvekstvilkår som viktige faktorar.
Kva gjorde me rett?
– Tidspunktet me la ut stillingane på var nok taktisk med tanke på studieslutt og det å samkøyre prosessane gjorde kanskje at det var enklare for kandidatane å søkje, seier Ida.
Me brukte Finn.no for éi av utlysingane og linka til dei andre på våre eigne sider.
– Eg trur nok at dette kan ha vore ein del av årsaka til at me har fått søkjarar frå så mange forskjellige stader og at det generelt har auka trafikken til dei andre utlysingane, seier ho.
– Mange av søkjarane var interesserte i fleire stillingar, og grunna god samhandling internt trengte kandidatane berre å skrive/sende ein søknad til alle stillingane. Søkjarane merka kva for stillingar dei var interessert i og vart vurdert til desse, forklarar Ida.
Betre tilbod for barn og unge (og letta leiarar)
At me fekk tilsett i alle fem stillingane i éin og same runde, betyr mykje for både barn og unge og for arbeidsmiljøet i tenesta:
– Dette er positivt for kommunen og dei aktuelle avdelingane. Me satsar på tidleg innsats, og veit kor viktig det er med gode tilbod for barn og unge. At me no har fått tilsett i alle stillingane gjennom éin utlysningsrunde, gjer at me raskt kan sikre stabilitet og føreseielege rammer, seier Ida.
Ho avsluttar med ros til kollegaene:
– Etter søknadsfrist sat leiarane og rådgjevarane med uhorveleg mykje arbeid med å sortere og velje ut kandidatar. Dette gjorde dei på ein eksepsjonell måte, så all kudos til dei!
Dette er nye takter for rekruttering i Sogndal – og eit solid teikn på at me er ein attraktiv kommune å jobbe og bu i!