Føresetnaden er at dette skal kunne skje på ein forsvarleg måte.

Sogndal kommune vil vurdere om det er forsvarleg å opne barnehagane frå 20. april, eller om dette må utsetjast noko. Ein konklusjon om dette vil føreligge seinast torsdag 16. april.

Nasjonale styresmakter legg vekt på at dette skal gjerast på ein så trygg og god måte som mogleg, og har sett ned ei faggruppe som skal arbeide fram rettleiarar for barnehagar og skular. Nasjonal rettleiar for smittevern i barnehagar er meldt at skal vere klar seinast 16. april og for skular 20. april. Sogndal kommune vil leggje desse rettleiarane til grunn for korleis vi jobbar.

Fram mot opning vil vi nytte tida til å planlegge tilbodet, samt å innarbeide gode rutinar og gje tilsette opplæring i arbeidet med smittevern. Rutinane vil seie noko om generelt smittevern, avstand, handvask og reinhald. Det kjem nasjonale retningsliner for korleis vi skal handtere smittespreiing i skule og barnehage.  

Skuleplikt

Etter opplæringslova er det skuleplikt i Noreg. Det vert unnatak for denne skuleplikta for barn som er i risikogruppene, eller som bur saman med familie som er i risikogruppene. For andre grupper står skuleplikta ved lag. Vi ynskjer å leggje til rette for at drift av barnehage/skule/SFO skjer på ein trygg og forsvarleg måte.

For dei elevane som ikkje skal tilbake til skulen 27.april, vert det framleis heimeundervisning.

Meir informasjon

Det vil kome ytterlegare, og meir detaljert informasjon til føresette og tilsette etter påske.