Sogndal kommune lanserer no ein eigen podcast der kommunedirektør Tor-Einar Holvik inviterer deg med inn i samtalar han uansett ville hatt – men som no blir opne for alle. Her får du eit ærleg og nært innblikk i korleis kommunen jobbar, kva som rører seg i organisasjonen, og kva tankar som ligg bak dei vala vi tek.
Første episode er ute no!
Du finn podcasten på Spotify – søk etter Sogndal kommune.
Dette er ein podcast for deg som bur i kommunen, jobbar i kommunen, eller berre er nysgjerrig på korleis ein kommune fungerer i praksis. Vi håpar du vil lytte – og kanskje tenkje litt nytt saman med oss.