Dette arbeidet møtte ein del reaksjonar og motbør. Frå 20. oktober 2025 vart det derfor gjennomført endringar i organisasjonsstrukturen i Sogndal kommune, og fleire av dei tidlegare tilrådde/føreslåtte tiltaka for alternativ styring vart sett på vent/vart sett til sides. Dette gjer at fleire av vurderingane og beskrivingane/skildringane i artikkelen ikkje lenger samsvarar med dagens organisering/leiing og praksis i kommunen.
Mange tilsette har lagt ned eit betydeleg arbeid for å utvikle organisasjonen i ei meir tillitsbasert retning, mellom anna gjennom omfattande medverknadsprosessar. Denne innsatsen har gitt kommunen viktig læring og erfaringar i eit arbeid som er i kontinuerleg utvikling, sjølv om organisasjonen det siste halve året har valt ei anna retning enn det som i artikkelen blir omtalt som «sjølvleiande».
Sogndal kommune arbeider vidare med utviklingsarbeidet som ligg til grunn for SK 2027, med mål om å møte framtidige utfordringar på ein berekraftig og heilskapleg måte. Tillitsbasert leiing og brei medverknad frå tilsette og tillitsvalde er og skal framleis vere viktige prinsipp i dette arbeidet, saman med tydelegare struktur og styring for å sikre kvalitet i tenestene.
Sogndal kommune er oppteken av openheit, læring og kontinuerleg forbetring, og at utprøving og tidlegare erfaringar kan/skal bidra til refleksjon og utvikling.
Samstundes er det viktig for oss at skildringar av kommunen er oppdaterte og tek med seg og erfaringar som har medført behov for endringar og tilpassingar i organisering og leiing.
DOGA | Sogndal kommune: Designdrevet innovasjon i praksis
Selvledendeorganisasjoner.dk: Sogndal, en selvledende kommune
30.03.26.
For overordna leiargruppe i Sogndal kommune
Jarle Skartun
Konstituert kommunedirektør.
