Stig Ove hadde som mål for besøket å lære om kva utfordringar dei møter på, kva erfaringar dei har fått og kva planar dei har for framtida.

Jan Egil eig og driv garden Ytre Farnes, kor han driv med sau. Han tok over drifta av garden i januar 2023, og tok over som eigar no i haust. Jan Egil har teken over ein gard med store oppgraderingsbehov, men det legg ikkje ein dempar på lysta til å drive garden.

Mentor Ole Tjugum tok over garden han driv i 2015 då han var 21 år gamal, Tjugum med haug. Fram til 15. mai i år dreiv Ole med mjølkeproduksjon og sau. No har drifta blitt lagt om til ammekyr og sau. Ole har bevaringsbestanden av den gamle rasen Vestlandsk raud kolle og skal no nytte dyra som ammekyr og satse i større grad på sal av livdyr av rasen.

Sogn Avis har laga denne reportasjen frå besøket: Satsar på villsauer og anleggsmaskiner (sognavis.no)