Sogndal kommune lyser no ut oppdrag som kunstkonsulent for Saften fleirbrukshus på Leikanger, i samarbeid med Hordaland kunstsenter. Saften er midt i ei stor ombygging og skal bli ein levande møteplass for både kommuneadministrasjonen og lokalsamfunnet; med mellom anna bibliotek, ungdomsklubb, kultursal, frivilligsentral og opne møtestadar. Kunsten vil vere ein viktig del av heilskapen.

Som kunstkonsulent får du ansvar for å leie kunstkomiteen, og for arbeidet med både ny kunst og vurdering av eksisterande kunst si rolle og relevans i bygget. Det blir også lagt opp til medverknad frå tilsette, brukarar og lokalsamfunnet.

Søknadsfrist: 24. april 2026 kl. 15.00

Les meir om oppdraget og korleis du søkjer her:
https://www.kunstsenter.no/#/possibilities/316