Sogndal kommune har eit omfattande bustadbehov og ønskjer framover å dekke delar av det bustadsosiale behovet gjennom samarbeid med profesjonelle utleigeaktørar. Gjennom tilvisingsavtalar kan kommunen sikre bustader til innbyggjarar med behov for kommunal bistand, samstundes som private aktørar får føreseielege leigeforhold og finansieringsmoglegheiter gjennom Husbanken.
Behov for bustader
Behovet gjeld både i Sogndal, på Leikanger og i Balestrand. Me anslår eit behov for kring 15 einingar i kvart område fordelt på små og rimelige 1-, 2-, 3- og 4-roms leiligheter, samt mindre rekkehus.
Merk: Utlysinga er løpende, og den enkelte avtale vil spesifisere tal einingar den gjeld for
Om tilvisingsavtalen
Tilvisingsavtalen gir kommunen rett til å tilvise bustadsøkjarar til bustader i prosjektet, innanfor den prosentandelen Husbanken til kvar tid fastset. Dersom kommunen ikkje har aktuelle leigetakarar, kan bustaden leigast ut på den opne marknaden – innanfor fristar som går fram av avtalen.
Avtalen regulerer også:
- husleigenivå
- samarbeidsformer mellom utleigar og kommunen
- rutinar for tilvising og oppfølging
Leigekontrakt blir inngått mellom utleigar og den enkelte bustadsøkar, etter reglane i husleigelova.
For nærare informasjon om ordninga, sjå husbanken.no
Kva kommunen legg vekt på
Ved vurdering av prosjekt vil kommunen særleg sjå på:
- skildring av utleigeselskapet og plan for forvaltning og bumiljø
- husleigenivå og tidspunkt for ferdigstilling
- plassering, tilgjenge og utforming av bustaden og uteområda
- nærleik til sentrum, butikkar, servicetenester og offentlege instansar
- eventuell nærleik til bussforbindelse
Innsending av tilbod
Utlysinga er løpande, og det er ikkje sett fast tidsfrist.
Interessentar blir bedne om å sende skriftleg tilbod til post@sogndal.kommune.no (merk e-posten med “Tilvisingsavtale – utleigebustader”)
Tilbodet bør innehalde:
- kort skildring av utleigeselskapet
- firmaattest
- plan- og fasadeteikningar
- situasjonsplan
- informasjon om forventa husleigenivå
- eventuelt tilstandsrapport for eksisterande bustader
All dokumentasjon blir handsama konfidensielt fram til eventuell avtale er inngått.
Kontakt
For nærare informasjon:
Bente Mossige Ask, (e-post)
Konstituert tenesteleiar for plan og eigedom