Rask psykisk helsehjelp (RPH) er eit lågterskel, kunnskapsbasert og korttidsbehandlingstilbod som gir rask hjelp til folk med milde og moderate psykiske plagar slik som angst, depresjon, stress og søvnvanskar, og som er innført lokalt i Sogndal kommune.

 At Jone no står på nasjonalt nivå og løftar vår lokalkompetanse inn i ein helsepolitisk debatt, syner at me ikkje berre er på ballen, men at me er med og styrkjer samtalen om psykisk helse i heile landet.

Debatten er ein felles satsing frå NAPHA, Folkehelseinstituttet og Norsk forening for kognitiv atferdsterapi, og tek mål av seg til å løfta det viktige lågterskeltilbodet Rask psykisk helsehjelp inn i helse- og valkampagendaen.

For Sogndal er dette ekstra viktig: RPH-tenesta vår er eit døme på korleis kommunal helseinnsats kan gje rask, lokal hjelp til folk i kvardagen. At me vert representerte i panelet bidreg til å løfta fram vår erfaring og gjev oss ein plass i den nasjonale dialogen om psykisk helse.

Arrangementet vert strøyma her den 14. august via napha.no.