Kvåle-området er allereie ein stad med mykje aktivitet, med både skule og idrettsanlegg tett på kvarandre. Samstundes er det eit stort potensial for å utvikle området vidare. I dag er uteområdet mellom anna prega av mykje asfalt og manglar gode soner for leik, eigenorganisert aktivitet og opphald. Behovet for utvikling er også løfta fram av elevane ved Kvåle skule, som etterlyser fleire aktivitetstilbod og betre moglegheiter for å samlast og vere i aktivitet etter skuletid.

Målet med prosjektet er å skape ein aktivitetspark som rommar heile breidda frå 0-100 år: frå organisert idrett, eigenorgansiert aktivitet og uformelle møteplassar. Ambisjonen er at området skal vere ein attraktiv møteplass for alle aldersgrupper, og bidra til både fysisk aktivitet, trivsel og sosial inkludering. Prosjektet heng tett saman med kommunen sine mål om gode oppvekstvilkår, aktive lokalsamfunn og helsefremjande nærmiljø.

Arbeidet så langt har vore prega av brei involvering og tett samarbeid mellom fleire aktørar. Prosjektet blir leia av rådgjevar for folkehelse, Silje Fimreite, som saman med ei tverrfagleg arbeidsgruppe har vore sentral i planlegginga. Arbeidsgruppa består av representantar frå Kvåle skule ved rektor, avdelingsleiarar og elevrådet, idrettslaget, velforeininga, Fosshaugane AS, FAU og rådgjevar for anlegg og idrettsutvikling i kommunen.

I neste fase blir medverknad frå ulike brukargrupper særleg viktig for å kartleggje behov og ønskje for området. Målet er at både barn, unge, idretten og andre brukarar av området skal få høve til å påverke korleis aktivitetsparken blir utforma, slik at han kan bli ein attraktiv møteplass for heile lokalsamfunnet.

Gjennom moglegheitsstudien skal det utarbeidast ein samla plan for området, med fokus på:

  • skulen sine behov
  • organisert idrett
  • eigenorganisert aktivitet

Målet er å sjå heile området i samanheng, og utvikle eit anlegg som fungerer for fleire målgrupper samtidig. Dette skal gi eit godt grunnlag for vidare utvikling og prioriteringar.

Oversiktsbilete av området

Vidare framdrift inneber at kommunen tek sikte på å få på plass arkitekt før sommaren 2026. Deretter vil det bli gjennomført innspelsrundar og utarbeidd skisser hausten same år. I starten av 2027 er planen å gå i dialog med sponsorar og stiftingar, med mål om byggjestart i løpet av året. Kommunale midlar kan utløyse større investeringar frå andre aktørar, noko som gjer prosjektet til ei viktig satsing for utviklinga av lokalsamfunnet.

Førebelse signal frå aktuelle samarbeidspartnarar er positive. Samstundes er det avgjerande at kommunen sjølv bidreg med eigenkapital for å kunne løyse ut tilskot og ekstern finansiering. Kommunale midlar kan utløyse langt større investeringar frå andre aktørar, noko som gjer prosjektet til ei viktig satsing for utviklinga av lokalsamfunnet.

Kvåle idretts- og aktivitetspark har dermed potensial til å bli eit viktig løft for både nærmiljøet og kommunen som heilskap. Det vil vere ein stad der folk kan møtast, vere aktive og skape fellesskap, både på dagtid og kveldstid.

Me gler oss til utviklinga!