Gjennom juni, juli og august blir det arrangert eit breitt utval av aktivitetar i Sogndal, Leikanger, Balestrand og Kaupanger – med alt frå friluftsskule, dans og forsking til musikk, skyting, konsertar og sommaraktivitetar for heile familien.
Oversikta inneheld aktivitetar frå fleire arrangørar og frivillige lag, men det skjer også mykje meir rundt om i kommunen gjennom sommaren. Me oppmodar derfor alle til å følgje med på nettsider, sosiale medium og lokale oppslag for fleire arrangement og aktivitetar. Oversikta må sjåast i samanheng, då det er mogleg å melde seg på aktivitetar i andre bygder enn den ein bur i.
Aktivitetsoversikt for sommaren 2025 (pdf)
Merk: Aktivitetar som er melde inn etter at oversikta i PDF-format var laga, kan du sjå her:
Leikanger:
- Dato: Måndag 29. juni, Aktivitet: Teiknekurs med kunstnaren Solveig Rohde Hestholm, Målgruppe: Barn som har fullført 1.–4. klasse våren 2026, Pris: Gratis, Arrangør/kontakt: Handarbeidslaget Sans og Samling, påmelding: Teiknekurs for barn og ungdom – Handarbeidslaget Sans og Samling
- Dato: Onsdag 1. juli, Aktivitet: Teiknekurs med kunstnaren Solveig Rohde Hestholm, Målgruppe: Barn og ungdom som har fullført 5.–10. klasse våren 2026. våren 2026, Pris: Gratis, Arrangør/kontakt: Handarbeidslaget Sans og Samling, påmelding: Teiknekurs for barn og ungdom – Handarbeidslaget Sans og Samling
Me ønskjer alle barn, unge og familiar ein flott sommar med mange gode opplevingar rundt om i Sogndal kommune!
