Legekontora
Legekontora har vanleg opningstid.
Grunna ferieavvikling kan det vera redusert kapasitet på vanlege timar hjå fastlegane. Kapasiteten på øyeblikkeleg hjelp er som vanleg.

Oversikt over opningstid ved dei ulike legekontora finn du her:
Balestrand legekontor
Leikanger legesenter
Sogndal legesenter

Innbyggartorga
Frå 20. juni til 12. august når du sentralbordet på telefon 57 65 25 00 måndag til fredag mellom klokka 08:00 og 14:00.
I same perioden har me ope mellom klokka 10:00 og 14:00.
På grunn av ferieavvikling er innbyggjartorga i Balestrand og Leikanger stengde i periodar. Dette er varsla med oppslag på dei aktuelle stadene.

Biblioteka
Sjå oversikt over opningstider ved biblioteka i Balestrand, Leikanger og Sogndal på biblioteket si nettside

Tildelingskontoret
Tildelingskontoret vil vera tilgjengeleg på telefon 400 22 970 måndag, onsdag og fredag frå klokka 09.00-12.00 i perioden 20.6.2022-12.8.2022 (veke 25-33).
Du kan òg kontakte kontoret på tildeling@sogndal.kommune.no.

SIMAS
Miljøstasjonane har utvida opningstid til kl 19:00 om sommaren. Oversikt over tømmeruter og opningstider på miljøstasjonane finn du på SIMAS si nettside