Deretter vert det språkkafé kvar tysdag kl. 12 og kvar måndag kl. 17.

Kaféane blir på Sogndal bibliotek i kulturhuset, og det blir servert kaffi/te og noko å bita i. Møta blir lagt opp med kafébord ein samlast i kring, med ein frivillig som kan norsk som bordvert.

Målet er å skape ein sosial møteplass for alle som ynskjer å bli betre i norsk. Ein møteplass for å bli kjent med nye menneske, få øving i å bruke norsken og bli kjent med det norske samfunnet.

Me treng både bordvertar og deltakarar. Som frivillig bordvert får du ein attest på deltaking frå Sogndal kommune.

Meir informasjon om språkkafe-tilbodet finn på nettsidene til Sogndal bibliotek