Manntalet er ei oversikt over alle som har røysterett i ein kommune. Du må stå i manntalet for å få røysta ved valet.
Manntalet ligg ute til offentleg ettersyn på desse stadane til og med valdagen:
- rådhuset i Balestrand
 - tinghuset på Leikanger
 - kommunehuset i Sogndal
 - Coop Extra Kaupanger
 - Joker Fjærland
 
Du har røysterett ved stortingsvalet dersom du
- er norsk statsborgar
 - har fylt 18 år innan utgangen av 2021
 - er, eller har vore, registrert i folkeregisteret som busett i Noreg
 
Veljarar busett i Noreg blir automatisk innført i manntalet i den kommunen der dei er registrert i folkeregisteret som busett 30. juni i valåret.
Klage på manntalet
Dersom du meiner at du sjølv eller nokon annan urett er blitt innført eller utelaten frå manntalet i kommunen, kan du krevja at feilen blir retta opp. Kravet skal vera skriftleg og grunngjeve, og sendast til: Sogndal kommune, valstyret, Postboks 153, 6851 Sogndal.
 
				