- Som ordførar er det ekstra kjekt å få vera med og opna ein ny barnehage, det betyr at denne kommunen er i vekst, sa ordførar Arnstein Menes i helsinga si på opningsdagen.

Grunna koronasituasjonen var berre eit avgrensa tal gjester måndag inviterte til den nye barnehagen i Sogndal sentrum. Mellom dei var 14 born frå Trudvang barnehage som skal byrja i den nye barnehagen. Med kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby på besøk, fekk dei denne dagen leika i det nye bygget for første gong.

Samarbeid med høgskulen

På opninga var også representantar frå Høgskulen på Vestlandet. Sogndal kommune og høgskulen samarbeider om å utvikla barnehagen, som difor har fått namnet Fosshagen udanningsbarnehage.

- I møtet mellom tilsette i barnehagen og tilsette på høgskulen, og i den tette integreringa det her er lagt opp til, vil det skje spennande ting, og som ordførar er eg svært spent på å følgja dette arbeidet i åra som kjem, seier Menes.

Intensjonen er at eit slikt samarbeid skal gi positive ringverknader i alle barnehagane i kommunen, og føra til vidareutvikling av studieprogramma ved høgskulen.

På programmet under opninga stod ein panelsamtale om nytten av eit samarbeid mellom barnehagen og utdanningsinstitusjonar.

Snorklypping

Statsråd Guri Melby deltok i denne samtalen, fekk omvising i bygget og stod for den offisielle opninga med snorklypping.

 - Det vart ei fin opning av eit flott bygg. Det var kjekt å få statsråden på besøk, og det var veldig kjekt at ho uttrykte stor interesse og forståing for det samspelet me her vil få til mellom barnehagen og dei tilsette og studentar på høgskulen, seier ordførar Arnstein Menes.

I gang neste veke

Fosshagen utdanningsbarnehage har sju avdelingar og eit stort fellesareal. Det er venta ein gradvis auke i talet på born i barnehagen over fleire år. Full kapasitet vil vera ca. hundre born fordelte på tre avdelingar for born over tre år og fire avdelingar for born under tre år.

Grunna koronasituasjonen var ikkje alt kome på plass i og rundt bygget til opningsdagen, men neste veke skal det vera klart til å ta imot 60 spente ungar og deira føresette.

Sjå video og bilete frå opninga her: