Distrikts- og digitaliseringsministeren fekk sjå Sogn frå si aller beste side i sommarsola framfor tinghuset på Leikanger. Her var det duka for ei hyggeleg stund i sola, med samtale om mellom anna kommunesamanslåing, situasjonen rundt korona og digitalisering.

Rådmann Ellen Njøs Lillesvangstu fortalde om prosessen med å gjera tre kommunar til ein, situasjonen rundt korona - som gav oss eit digitalt løft over natta - og om vidare digitalisering i kommunen.

Helleland har vitja fleire kommunar på Vestlandet dei siste dagane. I Sogndal kommune var ho også innom Campus og Distriktssenteret i Sogndal, og Digitaliseringsdirektoratet på Leikanger.

Under kan du sjå fleire bilete frå besøket. Klikk på dei for større vising.