Det betyr at det frå tysdag/onsdag neste veke ikkje vil vera kloakk-utslepp ved Hofslund hotell.
Vidare må Leighgota stengast også heile neste veke.

Løysinga medfører at me sender både avløpsvatn samt overvatn ned til ein pumpestasjon som står ved Damskipskaia. Me er litt usikre på om pumpestasjonen her vil ha kapasitet til å pumpa dei auka mengdene. I periodar med mykje nedbør vil ein då kanskje kunne oppleva at noko går i overløp og kjem ut i fjorden. 

Me har ikkje heilt oversikt over om dette vil skje og evt i kva omfang, men det vil vera ein midlertidig situasjon som vil verta løyst i april 2022 når ein får lagt om overvatnet i Gravensteinsgata.