•Me antek at 16 personar i Sogndal og Luster vart smitta på Meat Point (pluss 3 som var på ferie og bur i Bergen).

•Av dei 16 var 11 uvaksinerte eller hadde fått 1 vaksinedose under 3 veker før eksponering for smitte. 5 var beskytta med 1 vaksinedose over 3 veker før eksponering for smitte.

•Av dei 16 har 7 smitta vidare til nærkontaktar. 6 av dei som smitta vidare var uvaksinerte og 1 hadde fått 1 vaksinedose for over 3 veker sidan.

•Det er minst 216 nærkontaktar totalt. 202 av desse er førebels ikkje blitt smitta.

•Det er så langt 14 nærkontaktar som er blitt smitta. Av desse er 10 uvaksinerte, 2 har fått ein vaksinedose over 3 veker før eksponering for smitte og 2 er fullvaksinerte.

•Dei nærkontaktane som er blitt smitta er husstandsmedlemmer eller har hatt tilsvarande nær kontakt.

•Me ser ein klar tendens til at det må vere nær kontakt for å overføre smitte.

•Det er små tal så det er ikkje mogleg å seie noko sikkert om vaksineeffekt på smitteoverføring ut frå dette.

Det vart i går kveld meldt 1 ein ny smitta. Den smitta har testa seg og vore i isolasjon sidan 28/7 på grunn av symptom. Smittesporing vart gjennomført seint i går kveld og det vart definert ut 8 nærkontaktar som me har testa i dag med både hurtigtest og PCR-test. Av desse 8 har me 1 positiv hurtigtest. Den smitta er sett i isolasjon. Ny smittesporing er gjennomført og det er 1 ny nærkontakt.

Me har pr no ikkje sikker kunnskap om korleis det siste smittetilfellet oppstod. Me jobbar vidare med dette.

Det er i dag teke totalt 122 PCR-testar i Sogndal og på Leikanger.