Formannskapet vedtok i møtet 24. august at Sogndal kommune aukar tal busettingar frå 140 til 150 i 2023.

Alle flyktningane kjem ikkje samtidig, det er Imdi (Integrerings- og mangfaldsdirektoratet) som fordelar ein eller fleire med jamne mellomrom. Så langt har vi busett omlag 80 personar.

Dei aller fleste er frå Ukraina. Mange kvinner og born, men det kjem stadig fleire menn. Det har og byrja kome fleire eldre pensjonistar.

I tillegg har vi busett flyktningar frå Syria og Eritrea i fyrste halvår.

Vi har busett flest i Balestrand, men og på Leikanger, Kaupanger og i Sogndal.

Introduksjonsprogram

Alle busette flyktningar mellom 18-55 har rett på introduksjonsprogram. Frå hausten 2022 har vi hatt ein stor auke i antall deltakarar i introduksjonsprogrammet. Frå kring 30 tidligare år har vi no 79 deltakarar i introduksjonsprogrammet, og fleire på veg inn i september.

Dei fleste ukrainarane har rett på korte introduksjonsprogram på inntil 6 månader, med inntil 6 månadar utviding. Dette er fordi dei har fullført minimum vidaregåande skule frå før. Dei fleste har dokumentert høgare utdanning. Målet er at dei startar i språkpraksis frå fyrste dag i introduksjonsprogrammet. Både kommunale og private arbeidsgjevarar er ein viktig samarbeidspart, både for praksis og vanleg rekruttering. Vi vil rette ei stor takk til den innsatsen arbeidslivet gjer for deltakararne. Mange er positive til å ta inn deltakar i praksis, og mange deltakarar får tilbod om jobb etter endt praksis.

Det frivillige er ein viktig del av integreringa. Fleire organisasjonar eller lag tilbyr blant anna språkkafe, samlingsplass, fiske- og friluftsturar, strikkekafe og sommarferieaktivitetar for familiar og born med meir. Mange private engasjerar seg og hjelper nye innbyggjarar med stort og smått.

Tilsette

Ved utgangen av 2022 var vi 6 tilsette. Leiar, 3 programrådgjevarar, familiekoordinator og miljøvaktmeister. Vi har også tospråklege assistentar på ukrainsk, kinyerwanda og tigrinja tilsett på timesbasis

Grunna auka busetjing har vi fått fleire nye kollegaer:

  • Maria Bidne Borlaug er tilsett 50/50 i flyktningtenesta og sosialteamet. Ho er vårt bindeledd mot sosialteamet, og jobbar med økonomisk stønad til nybusett flyktningar.
  • Salah Alsbirij er tilsett i 50 prosent stilling som miljøvaktmeister. Han jobbar med klargjering av bustader til busetting, og er ein av dei som møter flyktningane på ankomstdagen. I tillegg er han mykje rundt i husa for å hjelpe bebuarane med inventar eller å halde huset i god stand.
  • Sara Eline F. Marifjæren er tilsett som programrådgjevar og føl opp introduksjonsprogram og kvalifisering.