Her finn du informasjon om kva vegar som er stengde:

Vestland fylkeskommune melde torsdag ettermiddag om stenging av fv. 5606 Ulvestad-Menes og fv. 55 Esebotn i Sogndal kommune grunna rasfare. Like etter klokka 11 torsdag 13. januar melder vegtrafikksentralen at dei to vegstrekningane opnar att. Vegen mellom Ulvestad og Menes vart stengd att torsdag kveld klokka 19 grunna uvêr og fare for ras. Fredag morgon melder vegtrafikksentralen at vegen er open for fri ferdsel.

Den kommunale vegen mellom Mundal og Jorddal har vore stengd sidan onsdag på grunn av fare for ras, men opna att fredag.