Leikanger grunneigarlag har i haust utvida takseringa av ryper frå to til fire områder.
Samla resultat syner 14/15 ryper pr kvadratkilometer mot 11 ryper pr kvadratkilometer i 2024, og eit gjennomsnitt på 7,5 ryper/kull.
Resultatet betyr at grunneigarlaget ser ei moderat auke i bestanden som gir grunnlag for ei forsiktig/avgrensa jakt, noko som og vert føreslege i tilrådinga frå takseringsansvarleg.
Styret er svært fornøygde med at ein ser auke i bestanden, og at ein er på veg mot målet om å få reetablert ein berekraftig bestand der ein årleg kan hauste av overskotet.
Denne informasjonen er vidareformidla av kommunen etter førespurnad frå grunneigarlaget. For informasjon om småviltjakt i andre delar av Sogndal kommune, må du ta kontakt med det aktuelle grunneigarlaget.