Det er privat grunneigar og entreprenør som har søkt og fått godkjent vegstening. Dei har ikkje sett eit konkret tidsrom innanfor perioden dei har oppgitt frå 11. mai til 26. juni. Men dei kjem til å opplysa om dette på skilting i Åbergevegen.

Arbeidsbeskrivelse:

"Arbeidsvarsling ifm. støypearbeid på bakside av hus. Betong-/pumpebil må stå i vegbana medan arbeidet pågår. Difor må vegen stengast i periodar på inntil 3 timar. Det er estimert behov for 2 slike stengingar.

Stenging skal føregå utanom "rush-tid" og bør skje i tidsrommet 10:00 til 14:00. Det er ikkje avklart kva dagar stenging skal skje på, men dette vil bli varsla om i god tid til aktuelle etatar (post, renovasjon, AMK, brann, politi mv.). I tillegg blir det sett opp informasjonstavle med dato og klokkeslett for stenging i forkant.

Det vil vere passasje for mjuke trafikantar forbi arbeidsområdet."

Kontaktperson for stenginga er Kollsete og Liheim Byggteam AS (mobil og e-post: 95861762, magnus@klbyggteam.no)