Denne veka skal det asfalterast i nytt parkeringshus (under ny hall) på Campus. Tilkomst til p-husa under den vidaregåande skulen og Lines (Idrettssenteret) vil difor bli stengd frå tysdag klokka 24 og til fredag ettermiddag klokka 15. I praksis betyr dette at p-husa er stengde onsdag, torsdag og fredag, melder Sognahallen AS.

Dei beklagar ulempa dette medfører og minner om at ein kan parkera i  p-huset i Nedrehagen og på Kvåle (baksida av Kvåle stadion).