Last ned Stikk UT! appen på ei mobileining, finn eit turmål og kom i gang!

Stikk UT! har som mål å bidra til folkehelse, trivsel og naturglede. Det er gratis å delta.

Dette skal vera eit lågterskeltilbod, med gode turskildringar i ein brukarvenleg app. Stikk UT! er eit turregistreringskonsept mange av friluftsråda brukar, frå Lister i sør til Finnmark i nord.

I Sogn er det i første omgang Sogndal og Luster som startar opp, med godt samarbeid med kommunekontaktar, idrettslag, bygdelag og andre med ansvar for turmåla. 

Velkomen ut i Balestrand, Norane, Sogndal, Fjærland, Indre Hafslo, Gaupne, Luster og på Skjolden! Kaupanger, Leikanger og bygdene i Vik kommune blir med etterkvart.

Meir informasjon: Stikk UT!