Fosshagen utdanningsbarnehage fekk møta kronprinsen på Granden ved Sogndalselvi. Og her måtte det både planleggast og riggast for det storfine besøket.

- Det vart bestemt at me skulle vera der nede i ein lavvo. Men sidan me ikkje hadde lavvo, måtte me skaffa oss det. Så me tenkte me skulle øva oss på å setja opp den heilt nye lavvoen dagen før i barnehagen, fortel Mari Engesæter, som er assisterande styrar i barnehagen.

Og dei sette i gang og byrja å dra ting utover på plenen i barnehagen.

- Men då var det ei som lurte på kvifor me ville setja han opp i barnehagen, i staden for på Granden der han skulle stå, fortel Mari.

Overnatta for å passa på

Onsdagen var det meldt regn, og sette dei lavvoen opp på Granden dagen før, trengde dei jo ikkje ta han ned att og flytta han. Så dei bestemde seg for å setja lavvoen opp der han faktisk skulle stå alt på tysdagen. Men då melde ei utfordring seg: Kva om lavvoen vart øydelagd eller nokon gjekk inn i han i løpet av natta?

Nok ein gong kom det eit godt forslag frå sidelinja: Kan de ikkje berre sova der?

- Jo, det kunne me, fortel Mari.

Då lavvoen var på plass, reiste ho og barnehagelærar Julie Slora heim og henta utstyr for overnatting og kjøpte seg litt mat. Og sjølv om overnattinga kom i stand for at dei skulle sikra seg at alt var i orden til kronprinsbesøket dagen etter, vart det ei fin oppleving.

- Me kosa oss, fortel Mari, og legg til at ho aldri har sett føre seg at ho nokon gong skulle overnatta akkurat der.

I etterkant er dei veldig glade for at dei sette opp lavvoen kvelden før, då det tok meir tid enn dei hadde tenkt sidan eit slikt besøk krev grundig planlegging knytt til sikkerheit.

- Fekk de besøk av nysgjerrige forbipasserande i løpet av kvelden og natta?

- Nei, den einaste som stakk innom var styraren i barnehagen, Heidi, elles var det heilt roleg.

- Eit veldig koseleg besøk

Mari kan fortelja at sjølve kronprinsbesøket onsdagen gjekk veldig fint, og vart litt annleis enn dei hadde sett føre seg.

- Me trudde det skulle vera litt stivt, at det skulle koma ein heil delegasjon og at dei kom til å reisa att ganske fort. Men så var det berre kronprinsen, han var der lenge, det var veldig fritt og veldig koseleg, fortel Mari, og legg til at kronprinsen var svært interessert i å snakka med ungane.

- Han var med dei og leika, åt grønnsakssuppe og popcorn.

Svært mange bidrog

Kommunalsjef for oppvekst, Kenth-Rune Måren er imponert over korleis tilsette i kommunen er villige til å stilla opp.

- Det var svært mange tilsette, barn og unge i Sogndal kommune som var i sving i førekant og under kronprinsbesøket onsdag og som var med på å gje kronprinsen ei god oppleving og eit godt inntrykk av Sogndal, seier han, og legg til at kommunen har hatt eit svært godt samarbeid med dei andre aktørane som var involverte i besøket og programpostane.

Tilbakemeldingane kommunen har fått frå hoffet, Statsforvaltaren og politiet er at det er sjeldan dei opplever ein så god samanheng i programmet og så mange gode programpostar.

- Dei fortel at me fekk rosande ord i lunsjen med kronprinsen på kongeskipet på veg ut Sognefjorden etter besøket, fortel kommunalsjefen.

Ordførar Arnstein Menes følgde kronprinsen under besøket i Sogndal.

- Eg vil seia tusen takk til alle som har bidrege i førebuing og gjennomføring av dagen. Det var ei svært god gjennomføring, tidsprogrammet gjekk etter planen, og det var meget imponerande faglege og musikalske bidrag. Ein stolt ordførar kan melda om at kronprinsen var særs godt nøgd med besøket i Sogndal.

Les meir og sjå bilete: Synte kronprinsen utdanningsbygdi Sogndal

Kronprinsen og små og store frå barnehagen ved lavvoen

Kronprinsen møtte små og store frå Fosshagen barnehage då han vitja Sogndal onsdag. (Foto: Bård Basberg)