Handsaming av byggesaker kan difor ta noko lengre tid enn vanleg. Me gjer det me kan for å få handsama sakene så snart som råd.

For at me skal få handsama saker, vil byggesak difor vera noko meir skjerma for telefon. Me ber om at du anten sender førespurnader på e-post til postmottak@sogndal.kommune.no eller tek kontakt med innbyggartorget.

På nettsida til Direktoratet for byggkvalitet finn du mellom anna digitale rettleiarar som kan hjelpa deg. Her kan du mellom anna få svar på kva du kan bygga utan å søka.