- Søknadane om behandling tikkar inn kvar veke frå både den yngre og eldre del av målgruppa vår. Me erfarer at tenesta vår har byrja å etablera seg som ei kjend kommunal teneste, seier Maria Kalstad Brun.

Rask psykisk helsehjelp er eit lågterskel korttids behandlingstilbod i kommunen for personar frå 16 år og oppover med milde til moderate plager innanfor angst, depresjon, søvn, stress, begynnande rusproblem og/eller søvnvanskar. Dei tilbyr ulike behandlingsalternativ ut frå kva som vil vera mest nyttig for den som tek kontakt.

Gode tilbakemeldingar på kurs

I november 2022 starta dei med introduksjonskurs i kognitiv åtferdsterapi, Framdrift, eit kurs dei har hatt fleire gonger og fått gode tilbakemeldingar på. Neste kurs startar 1. februar.

- Med vår målgruppe syner det seg i praksis at kursdeltaking er like god behandling som individuell samtale. Ein opplever eit større fellesskap og normalitet ved å vera kursdeltakar. Ved å kunne behandla fleire samtidig, som ved kurs, held me også ventelistene nede, og dermed kan me tilby rask tilgang til psykisk helsehjelp, fortel Brun og legg til at dei i 2024 vil halda fram med å utvikla kurstilbodet.

Saman med frisklivssentralen har dei utvikla eit stress- og belastningskurs som dei òg har testa ut, her kjem det også ny moglegheit for deltaking 1. februar.

- I tillegg til å utarbeida og utvikla kurs som behandlingstilbod har me gitt behandling ved hjelp av digital rettleia sjølvhjelp på nettet. Med denne har me kunne gi rettleiing og behandling til personar digitalt via telefon eller nett, noko som har gjort det praktisk enklare for pasientar som bur ut i bygdene, fortel Brun.

Nytt år, nye moglegheiter

For mange kjem eit nytt år med nye moglegheiter.

- Men ein kan ikkje forventa eit anna resultat med same oppskrift. Om du opplever tankane dine som litt vel negative og kritiske, bli med på kursa våre og lær deg teknikkar for å utforska og handtera tankane dine på ein meir hensiktsmessig måte!

Meir informasjon finn du på nettsida til rask psykisk helsehjelp i Sogndal kommune