Dei takkar alle som har delteke.

Resultatet for Sogndal kommune i årets stortingsval på valgresultater.no. Der kan du også sjå resultata for dei ulike stemmelokala i kommunen.

Til saman i kommunen var frammøteprosenten 82,7. 64,6 prosent førehandsstemde.

Sogndal kommune hadde førehandsrøysting i Balestrand, på Leikanger, i Sogndal og i Fjærland. I tillegg var det særskilde dagar høve til å førehandsrøysta på helse- og omsorgsinstitusjonar og på studiestader. Veljarar som på grunn av helse eller funksjonsevne ikkje kunne koma seg til vallokalet, kunne be om at valmedarbeidarar frå kommunen kom heim til dei, slik at dei fekk førehandsrøysta der.

På valdagen kunne ein i Sogndal kommune røysta i Belehalli i Balestrand, på Kaupanger skule, på ungdomshuset på Leikanger og på kommunehuset i Sogndal.